Museet syner førearbeid, prosjektering, stikking og bygging av Bergensbanen i åra 1871 til opninga i 1909. Levande smie og museumskafe: Rotaren kafe med souvenir sal. Held til i austre lokomotivstall på Finse saman med Dokumentasjonssenter Bergensbanen. Eige temautstilling: "Kampen mot snøen" ved og i austre lokomotivstall med syning av historisk snøryddingsutstyr og utstilling om korleis høgfjellstrekninga til Bergensbanen vart halden open gjennom heile vinteren.
Sesong år 2009:| 23.05 - 30.06.07: | Ope måndag - fredag 10.00 - 22.00, mot lån av nøkkel hos andre bedrifter på Finse, andre tider etter førehandsavtale. |
| 01.07 - 04.10.07: | Ope dagleg 10.00 - 22.00. Vaksne NOK 30,-, born NOK 15,- |
| og grupper etter førehandsavtale NOK 20,-. |
Lys- og lydbildeforedrag om bygging av Bergensbanen kr. 750,-.
Førehandstinges hos Rallarmuseet .
Tlf. 56 52 69 66 / finse-rm@online.no
Omvisning i snøryddingsmateriell, kontor Dokumentasjonssenter Bergensbanen og utstillingane
i auste lokstall, ½ time kr. 400,-. Førehandstinging hos Rallarmuseet.
Fagernut vaktarbustad/Rallarkafe: Vaktarbustaden ligg 10 km vest for Finse st. 1310 moh ved Rallarvegen og er den høgstliggjande banevaktar - og arbeidarbustad i landet. Utstilling om banevaktar- og familieliv på Bergensbanen si høgfjellstrekning med info og Rallarkafe. Sesong: 13.07. -12.08.2007. Ope kvar dag 10.00 - 16.30. Deretter ope kvar fredag, laurdag og sundag tom 30.09.2007.
| Adr.: | Stiftinga Rallarmuseet Finse Dokumentasjonssenter Bergensbanen Postboks 4 5719 FINSE |
| Besøksadr.: | Austre lokomotivstall Finse |
| Tlf.: | 56 52 69 66 |
| Fax.: | 56 52 68 36 |
| E-post: | finse-rm@online.no |
| Hjemmesider: | www.rallarmuseet.no |
Sist oppdatert 23.05.2009 av Kristian Nøtnes